Skip to main content
Home » Vekst i Vestland » Ulvik – fruktbygda inst i Hardangerfjorden!
Sponset

Ulvikbygda ligg som ein landsby inst i Hardangerfjorden, omkransa av fruktgardar og høge fjell.

Bygda har vore eit attraktivt reisemål i meir enn 150 år, og har fleire hotell og andre reiselivsbedrifter.

– Ulvik er «Perla i Hardanger», seier nærings- og reiselivssjef Mona Hellesnes på spørsmål om ho kan skildra Ulvik med få ord. Ei bygd inst i Hardangerfjorden, omkransa av høge fjell og mykje storslått natur. Det har vakse fram eit variert tilbod av lokale produsenter av mat og drikke, og Frukt- og siderruta er den einaste i landet.

Mona H Hellesnes

Nærings- og reiselivssjef i Ulvik herad

Landbruk og reiseliv

Fagskulen Vestland studiestad Hjeltnes er aleine i Norge om å tilby studier innan lokal matkultur, sommeliér og aborist. Dette er viktige utdanningstilbod innan både landbruk og reiseliv.

– Vi har hatt ei positiv utvikling i folketalet dei siste åra. Det er særs gledeleg at særleg yngre flyttar heim for å drive gardsbruk vidare, og at dei gjerne har med seg familie. Det er viktig for framtida vår, seier ho vidare.

Foto: Hunnålvatn Media

 – Vi har og fått fleire tilflyttere gjennom jobb og nyetableringar. Nærleiken til Voss og resten av Hardanger som felles arbeidsregion gjer det enklare for to å få jobb samstundes. Det er stort trong for arbeidskraft innanfor eit breidt spekter av fagområde. Karrierevegen er ofte kortare om ein ønskjer å gå gradene, eller skifte arbeidsplass etter nokre år.

Mykje som skjer heile året

Bur du i Ulvik har du nesten ikkje tid til å reise på ferie, då det er mykje som skjer heile året. Konsertar, festivalar, idrettsarrangement og faste aktivitetstilbod for både born og vaksne, gjer det lett å vere aktiv og bli kjend med andre i bygda.

Om vinteren er familiekveldane i skianlegget Drevtjørn ein populær møteplass. Vi du ha naturen for deg sjølv gjev turar i fjella og på fjorden dei finaste opplevingane.

Ta kontakt med oss om du ønskjer å vite meir om livet i Ulvik. 

ULVIK HERAD

– Reiseliv- og landbruksbygd, frå Hardangerfjorden til høgfjellet og tettstaden Finse.
– 45 km frå Voss.
– Nær 1 100 innbyggarar.
– Etablerarhjelp og støtte til næringsutvikling.
– Barnehageplass og eit godt skuletilbod.

Les mer på ulvik.kommune.no

Next article