Skip to main content
Home » Fremtidens havbruk » Knutepunkt vest
Sponset

Florø hamn er ei miljøvennleg pulsåre som knyt Vestlandskysten saman med verda. Florø er eit naturleg bindeledd mellom sjøen, vegen og lufta, og eit knutepunkt for sjøtransport mellom Ålesund og Bergen.

– Vi har satt kursen for vegen framover, seier hamnesjef Linda Mortensen Midtbø og driftsleiar Ørjan Storesund.

Linda Mortensen Midtbø

Hamnesjef, Florø hamn 

Ørjan Storesund

Driftsleiar, Florø hamn 

– Primæroppgåva vår er å sikre eit godt hamnetilbod. Vårt område strekk seg frå Hylestad i sør, til den sørlege delen av Kinn. Tryggleik er ein avgjerande faktor. Er det manglar på kaier eller farar i farvatnet er det vår oppgåve å løyse dette. Det kan vere alt frå å ha jamleg vedlikehald på kaier til å reise ut på sjøen når vi får meldingar om potensielle farar i farvatnet. Det dei fleste kanskje ikkje veit er at vi handsamar søknadar om flytebrygger, bakar og liknande i hamneområdet vårt.

– Ein gong fekk vi rapport om ei trekroner i sjøen og hasta av garde i båten vår Ytterøyane. Då vi byrja å heise trekrona, viste det seg at det var eit 15 meter høgt tre som hadde satt seg fast i botnen. Det vart litt av ein jobb, men vi fekk det til, seier Ørjan Storesund.

I drift heile døgnet

For å sikre ei trygg og smidig drift har dei ei ansvarleg hamnevakt som sørger for all kommunikasjon mellom sjø og land. Hamnevakta er på 24 timar i døgnet, og heldigvis er det der om det skulle vere behov.

– Vi har mange fartøy som er innan dei seks kaiområda vi driftar i løpet av ein dag. Nokon ligg til kai over ein lengre periode, medan andre er innan ein kort tur for å losse eller laste varer. Då er det viktig å ha god kommunikasjon internt og med aktørane som brukar lokalitetane våre for å ha ei smidig drift, seier Linda.

Ro Server og Ro West ligg ved kai E på Fugleskjærkaia. Foto: Florø Havn

– Hamna skal sørge for at all ferdsel på kaiene og i våre farvatn er trygg. Ved uvær og snøfall kan det bli svært travelt for hamnevakta. Heldigvis er dei tilsette ein fleksibel og triveleg gjeng som stiller opp og hjelper til når det trengst.

Ei hjelpande hand i Florø hamn

At Florø hamn strekker seg langt for å hjelpe til er det fleire som kan bekrefte. I løpet av eit år har hamna rundt 7000 anløp. Nokre av fartøya som legg til kai er faste travarar i hamnebassenget. Ein av dei er brønnbåten «Ro Server» frå Rostein. Skipet fraktar fisk frå oppdrettsanlegga og inn til Slakteriet.

– Det er trivelege folk du treff i hamna, som tek oss godt imot og hjelper oss med det dei kan. Dei strekkjer seg så langt dei kan for å ordne plass til oss, sjølv når det er trangt om plassane, sier Magne Egil Sleire fra «Ro Server»

Florø hamn er eit knutepunkt for sjøtransport, midt mellom Bergen og Ålesund. Velkommen!

Les mer på florohamn.no

Ny og spennande tid

Verda er i endring, og med dette endrar Florø hamn seg. Stabben fyr, eit av dei mest særprega fyr i landet, har vore eit kjenneteikn i regionen i lang tid. No når dei fornyar seg med ny logo, er fyret framleis med. Den skal representere både bølgjene i havet og den dynamiske drifta til Florø hamn.

– Det skjer mykje viktig utviklingsarbeid som posisjonerer Florø i front nasjonalt og internasjonalt på fornybarfeltet. Vi skal vere ei drivkraft i utviklinga av kystregionen og bidrar aktivt til å forsterke dette framtidsretta arbeidet. Hamnehuset er det første næringsbygget i gamle Sogn og Fjordane som vart BREEAM-sertifisert, som er Noreg si fremste miljøsertifisering for bygg. No er bygget fullt med havbaserte bedrifter.

Saman med SFE har dei stifta selskapet Skipskraft, og leverer landstraum til fartøy som ligg til kai i Florø. Foto: Florø Havn

– Vi har tilbydd kundane våre tilkopling til landstraumanlegg sidan medio juni 2021 og det første året leverte vi 1,5 GWh straum til fartyga. No legg vi til rette for at det også vert lading for hurtigbåtane som skal gå i Florø-bassenget. Vi følgjer utviklinga i bransjen, og skal vere tidleg ute med å legge til rette for at kundane våre kan få nytte framtidsretta teknologi.

Liten organisasjon som gjer mykje

Florø hamn er ein liten organisasjon, med seks tilsette, drift 24/7, og store prosjekt i arbeid.

– Ein kan dra samanlikningar mellom Florø hamn og eit isfjell. 90 prosent av eit isfjell er usynleg frå havoverflata, og slik er det litt med oss også. Det er mange aktørar og anlegg som skal koordinerast der vi er ein faktor. Samarbeid internt og mellom aktørane er viktig for at vi skal ivareta alle så godt som mogleg. Dialogen med leigetakarar, kundar og privatpersonar er grunnleggande for at vi skal utvikle oss i takt med samfunnet. På denne måten kan vi tilpasse oss og tilby eit godt hamnetilbod, avsluttar hamnesjefen.

Tekst: A til Å

Next article