Iselin Sneide (28) tok eit litt utradisjonelt val. I dag er ho fyrstemaskinist på ferja MF Fedjebjørn på strekninga Fedje–Sævrøy på Vestlandet, omtrent midt mellom Bergen og Florø.
– Eg ønskte å jobbe i Fjord1, mellom anna på grunn av turnusen og moglegheita til å kombinere arbeidskvardagen som sjømann med familieliv. I alle fall viss eg kjem på eit fergesamband litt nærare der eg bur. Andre sjøfolk må jo som regel vere borte heile tida når dei er ute. Ein annan ting er dessutan at Fjord1 er store på batteridrift på ferjene sine. Det er ein spanande teknologi som eg gjerne vil lære meir om, forklarer ho.
Eigentleg starta Iselin på vidaregåande med ein tanke om å jobbe innan helsefag, men fann etter kvart ut at interessefeltet hennar låg mykje meir i retning av det tekniske, som bilar og maskineri. Ho forklarer at ho kjem frå ein familie der alle mannfolka var sjøfolk, og at ho hadde ein stefar som var maskinist, og som ho var mykje saman med då ho var ung.
– Eg fekk stor interesse for det han dreiv med, mellom anna vart eg med og skrudde på bil. Difor, då eg vart 18 år, forstod eg at det ville vere feil å utdanne meg innan helse når eg eigentleg ikkje likte det, smiler Iselin.

Iselin Sneide
Førstemaskinist, Fjord1
Foto: Andreas Kleiveland
Bytte yrkesveg
Iselin slutta på helse- og ungdomsarbeidarlinja til fordel for teknikk og industriell produksjon, før ho gjekk vidare. Først på maritim linje som motormann, deretter ein toårig læretid i Island Offshore. Så vart det fagskulen i Måløy, noko som tok ytterlegare to år.
– Så kom eg til Fjord1, fyrst som kadett, men no som fyrstemaskinist, og det er bra, smiler ho.
Som ein liten familie
Akkurat på Iselin sitt skift er ho den einaste kvinna, medan det er to på det andre skiftet.
– Vi er berre seks personar på kvart skift, og vi blir som ein liten familie som kjenner kvarandre godt. At alle kollegaene mine er menn, spelar inga rolle for meg, sidan vi behandlar kvarandre på lik linje uansett. Eg har høyrt historier om andre kvinner, i andre reiarlag, som ikkje har det like bra, men i Fjord1 har eg aldri opplevd nokon form for diskriminering. Eg er forlova med ei kvinne òg, så det kunne jo fort ha vore mange ting som kunne blitt vanskeleg, men det er det ikkje.
– Eg har det veldig bra her, og ville valt same yrkesveg på nytt! Andre kvinner som ønskjer å jobbe i mannsdominerte yrke bør berre kaste seg ut i det, men snakk gjerne med andre kvinner om deira erfaringar. Eg synest ein bør velje å jobbe med det ein ønskjer, uavhengig av kjønn, avsluttar ho.
Gode moglegheiter for karriere og utvikling i Fjord1
Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass både på landsida og sjøsida, og det er eit breitt spekter av stillingskategoriar i selskapet.