Skip to main content
Home » Vekst i Vestland » Ekspertene svarer: Slik skaper kommunene vekst
Vekst i Vestland

Ekspertene svarer: Slik skaper kommunene vekst

Foto: Unsplash

Tilrettelegging av nye boligområder, samferdselsprosjekt, kultur og storslått natur, Vestlandskommunene har mye å tilby. Her gir ordførerne i fire Vestlandskommuner svar på hva som skaper utvikling og vekst i kommunene.

Gulen kommune

May-Lynn Osland (Ap)

Ordførar i Gulen kommune

Kva tiltak gjer kommunen for å skapa vekst og utvikling?

Gulen kommune jobber aktivt for tilrettelegging av nye boligområder, utbyggingsavtaler, husbank ordninger og vi kan lokke med billige kommunale tomter.  Samarbeid med næringa er svært viktig.

Med politiske prosessar skal vi hjelpe næringa å møte det grøne skiftet som kjem for fullt dei neste åra.  Vi har nyleg vedteke nytt budsjett som løyva mideler til kultur, frivilligheita, samferdsle mm.  God løn kommunalt. 

Kva sektorar er med på å skapa vekst i kommunen din?

I Gulen har vi så og sei ingen arbeidsledighet, arbeidsmarknaden består av 70 prosent privat og 30 prosent offentleg. Det er signal frå bedriftar innan fiske, baserelatert arbeid, turisme, helsesektor, oppvekst, industri og landbruk mm som til saman sier at det vil bli utlyst 500 stillinger og oppover dei neste åra om alle utviklingsprosjekta som er varsla blir realisert.

Kommunen har eige utviklingsselskap (GMU) som hjelpe til med rekruttering, næringsutvikling, søknader og nyetableringar mm. Utviklinga skjer med godt samarbeid mellom privat og offentleg sektor. 

Kva moglegheiter finst for nye tilflyttarar i kommunen din?

Det er godt å bu i Gulen! Vi har etablerte gode moglegheiter å få kontorplass i kontorfellesskap til ein grei penge i alle krinsar i kommunen. Vi har full dekning av fiber i alle delar av kommunen, også på stader ingen skulle tru nokon kunne bu.

Varierte arbeidsmoglegheiter innan alle sektorar. Næringsfond for nyetableringar og etablera tilskot for dei som byggar nytt eller renovera, busette seg her.  God dekning i barnehage og skule. Gratis lokale for fritidsaktivitetar, aktiv kulturskule og idrett.

Påverkingskrafta her er stor og det er kort veg til kommunen om ein ynskjer utrette noko, ordføraren har ope dør og ein kan alltid ta kontakt om det skulle vere noko. Og sjølvsagt storslått natur i alle formar.

Gulen kommune

Kystkommunen Gulen ligg i Vestland fylket og mellom Sognefjorden og Fensfjorden. Landarealet på 596km² inneheld ein variert og spennande natur.

Les mer på gulen.kommune.no

Vik kommune

Roy Egil Stadheim (Ap)

Ordfører, Vik kommune

Hva slags tiltak gjør din kommune for å skape vekst og utvikling?

Tilskot  gjennom Næringsfond, Samarbeid om næringsutvikling (Sogn Næring), Samarbeid i regionen (Sognarådet og Sogn KO), prosjekt for utgreiing av tiltak for folketalsauke.

Samarbeid med Sogn Utvikling, eit utviklingsselsskap eig av Vik Sogndal, Luster og Sognekraft, medlemskap i Vest-Norges Brusselkontor, verdsarvkommune, samfunnsutvikling gjennom kommuneplan. Blir jobba for samferdsel gjennom Fjordvegen RV 13 og jobbar politisk for å betra kommunikasjonen inn og ut av Vik samt internt i kommunen.

Hvilke sektorer er med på å skape vekst i din kommune?

Det er oppretta ein ny sektor Samfunn, Næring og Kultur som arbeider mest mot vekst og utvikling, men også dei andre sektorane er med å bidra.

Hvilke muligheter finnes for nye tilflyttere i din kommune?

Byggeklare tomter i alle delar av kommunen, redusert pris for dei under 35. Eit variert næringsliv, og det er lett å få seg fast jobb. Eit stort tal frivillige lag og organisasjonar. Idrett og friluftsliv står sterkt i kommunen.Kommunen har eit aktivt og rikt kulturliv, men det vert stadig arbeida med å styrka kulturlivet i kommunen.

Vik kommune

Vik kommune ligg på sørsida av Sognefjorden, som er ein av dei lengste fjordane i verda. Kommunen omfattar bygdene Fresvik, Feios, Vangsnes, Arnafjord og Vik sentrum.

Les mer på vik.kommune.no

Stad kommune

Sigurd Reksnes (Sp)

Ordførar i Stad kommune

Kva gjer stad kommune for å skape vekst og utvikling?

Samfunnet Stad skal utviklast med utgangspunkt i kommunen sin eigenart, og ved hjelp av dette ta ein tydeleg posisjon som «distriktspioner». Stad kommune skal vere ein føregangskommune for distrikts-Noreg.

Posisjonen skal engasjere og mobilisere utviklingskraft blant alle som vi er avhengige av å ha med på laget. Stad har energi og kraft til å utvikle ein sterkare kommune og bidra til utvikling av Nordfjord og Vestland fylke. Energien som finst hos innbyggarane, naturgitte føresetnader, kultur, historie og næringsliv er viktig for utviklinga.

Hvilke sektorer er med å skape vekst Stad kommune?

Ved å utvikle sterke kompetansemiljø og størst mogelege ringverknader knytt til havrommet, vekstpotensialet i kystnæringane, reiseliv/kulturarv, elektro/automasjon/teknologi og ny fornybar energi vil vi skape vekst framover. Vi har ei sterk handelsnæring i Nordfjordeid, og vi forventar vidare vekst og nyetableringar.

I samband med bygginga av Stad skipstunnel, så er det ei rekkje initiativ innan industri, fiskeri og reiseliv som står klar til å skape nye arbeidsplassar i Stad kommune. Ved at steinmassane frå Stad skipstunnel kan brukast til å etablere nye sjønære næringsareal med kai, forventar vi solid vekst i dei maritime og marine næringane framover.

Hvilke muligheter finnes for tilflyttere i din kommune?

Stad i Nordfjord, lengst vest i Noreg mot det villaste havet. Ein liten stad i verda der du kan få det beste ut av livet – i kvardagen. Her finn du alt på ein stad, av det du eigentleg treng i livet. Kommunen er stor nok til å gje deg rom til å leve ut draumane dine – liten nok til å sjå deg og ta vare på deg.

Vi har eit rikt kulturliv med Malakoff Rockfestival, Opera Nordfjord som dei mest kjende. Her er det mykje å som skjer heile året. Vi har eit variert nærings og arbeidsliv som gjev rom for utvikling.  Vi vil arbeide målretta for å styrke og utvikle desentraliserte utdanningstilbod i kommunen og regionen, og utvikle nye tilbod på høgskulenivå.

Stad kommune

I Stad kan du oppleve dei store kontrastane ein finn i Nordfjord. Frå stille vatn inst ved Holmøyane, til lange kvite sandstrender, røft innpakka av bratte klipper ytst ved Vestkapp.

Les mer på stad.kommune.no

Øygarden Kommune

Tom Georg Indrevik (H)

Ordførar i Øygarden kommune

Kva tiltak gjer kommunen for å skapa vekst og utvikling?

I dei overordna planane i Øygarden er vi inspirert av berekraftsmåla til FN. Gjennom samarbeid skal vi oppnå målet om ei berekraftig utvikling. Tidlegare i haust tok vi initiativ til ein nyskipa arena, Framtidssamfunnet. Gjennom denne arenaen skal vi arbeida saman for å ta ut potensialet i det grøne skiftet, innovative helse- og velferdstenester og testa ut løysingar på andre kompliserte problemstillingar.

I Energiparken legg Øygarden kommune til rette for å realisera det grøne skiftet. Døme på dette er anlegg for karbonfangst og lagring og produksjon av hydrogen med integrert CO2-lagring. Realisering av ny godshamn for Bergensregionen på Ågotnes vil auka verdiskapinga innan marine og maritime næringar. Dette bidreg til utvikling av hamneområdet på Ågotnes og biogassproduksjon av restråstoff frå fiskeri på Skaganeset sør i kommunen. 

Kva sektorar er med på å skapa vekst i kommunen din?

Øygarden kommune har gjennom fleire ti-år utvikla ein sterk og moderne industri som gjev mange og varierte arbeidsplassar. Ein vesentleg del av industrien er olje- og gassrelatert. Andre sektorar som skapar vekst i kommunen vår, er fiskeri og havbruk. Vi har ein moderne havfiskeflåte og ei veksande oppdrettsnæring som tek i bruk miljøvennleg teknologi.

Sartor Storsenter er det niande største handlesenteret i landet og hadde ein omsetnad på 2,5 milliardar kroner i 2022. Eit nytt Sotrasamband med firefelts veg til 23 milliardar kroner vil gje vekst for kommunen og regionen både under og etter anleggsperioden. Øygarden tar leiarposisjon i det grøne skiftet og legg saman med næringslivet til rette for industriell symbiose og berekraftig utvikling i dei store industriparkane. Dette bidreg til nødvendig omstilling og vekst i kommunen framover.

Kva moglegheiter finst for nye tilflyttarar i kommunen din?

Kommunen arbeider for at det skal vera godt å bu og arbeida i heile Øygarden. I samfunnsplanen vert det difor understreka at det må skapast eit godt oppvekstmiljø i kommunen som gjer det attraktivt å busetja seg her. Vi har god tilgang til både natur, handel, idrett, kultur og tenestetilbod for folk flest gjennom attraktive senter og gode og aktive lokalsamfunn med godt barnehage- og skuletilbod.

Vi prioriterer godt kollektivtilbod og fleksible, berekraftige og smarte transportordningar. Gjennom medviten planlegging har vi utvikla variasjon i bustadtilbodet. I Øygarden har vi låg arbeidsløyse og mange attraktive og spennande arbeidsplassar.

Øygarden Kommune

Øygarden, det moderne og pulserande øysamfunnet vestom Bergen, har om lag 39 600 innbyggjarar og er den nest største kommunen i Vestland fylke.

Les mer på oygarden.kommune.no

Next article