Vestland er mange ting: verdiskapingsfylket, eksportfylket, havfylket, utdanningsfylket, turistfylket, kulturfylket. Berre for å nemne noko. Men vi er også utsleppsfylket. Det heng sjølvsagt saman med at vi er industrifylket, og tradisjonell industri er utsleppsintensiv. Derfor er det også vår plikt å vere omstillingsfylket, det grøne fylket.
Gjennom partnarskap mellom det offentlege, verdsleiande næringsliv og forskingsmiljø bidrar vi til reelle utsleppskutt, både i eige fylke, men også nasjonalt og internasjonalt ved å utvikle, pilotere og eksportere løysingar verda treng. Vi er stolte av å vere staden kor fine powerpointar og festtalar vert gjort om til handling.
Når vestlendingen bestem seg for noko, ja da skjer det! Som då vi skulle kjøpe nye ferjer. Vi nøgde oss ikkje berre med éi pilotferge, men vi gjekk like godt for 20 nullutsleppsferjer i ein ordre. Dette kombinerte næringslivutvikling og klimatiltak, det blei business for leverandørane og vi fekk verdas fremste klynge for grøn skipsfart. Det var ikkje enkelt, det kravde modige politikarar og eit unikt offentleg-privat samarbeid.
Dette har skapt ringar i vatnet langt utover vår vesle flik av verda.
Grøn energi
Og no står vi i ein heilt ny og tøff situasjon med krig i Europa og Midt-Austen, inflasjon og straumprisar som har råka både næringslivet og privatpersonar særs hardt.
Det siste året har vist oss kor viktig det er å få fart på produksjonen av rein, grøn energi. «Meir av alt, raskare» er jo blitt ståande som årets viktigaste politiske slagord. Det kvilar eit stort samfunnsansvar på både oss politikarar og næringslivsaktørar å sikre vi har nok kraft til at både Olga på 90 kan ha varmen på i huset til vinteren og at Hydro kan ha full fyr i smelteomnane sine for å produsere den grønaste aluminiumen i verda.
Og det er gledeleg å sjå at den vestlandske tradisjonen for å tilpasse seg si tid og sjå an verdssituasjonen framleis er gjeldande:
- Vi såg at verda trengte mat, og vi sende dei tørrfisk.
- Vi såg at verda blei stadig tettare knytt saman, og vi bygde «vår ære og vår makt» på havet gjennom shipping på kryss og tvers.
- Vi såg at verda trengte energi, og vi bygde ein olje- og gassindustri som er verdas grønaste og mest innovative.
- Og no ser vi at verda skrik etter fornybar energi, og da er vi klare for å bygje på alt det som har kome før for å også kome dette behovet i møte.
Nøkkelen ligg i havet
Berre sjå på industrimiljøa i Sunnhordland og i Florø, som no riggar seg for å sørgje for at vi skal ta ein like tydeleg posisjon innanfor verdikjeda for havvind som vi gjorde for olje og gass. Og ikkje minst til Sløvåg og Wergeland-gruppen, som berre sa «sjølvsagt kan vi gjere bidra» og fekk på plass verdas største landbaserte kran for å sette saman dei turbinane til Hywind Tampen. I Vestland får vi det så klart til.
No har vi danna One Ocean Havbyen Bergen. Dette er også eit samarbeid,- basert på dei samla marine og maritime ressursane i Bergen. Med desse til grunn, kan vi gi eit større bidrag til Norge og verda i å løysa klimautfordringane,- for nøkkelen ligg som kjent i havet. Dette er ein invitasjon til resten av landet om at med ressursane vi rår over er vi klar til å leie ein meir berekraftig utvikling på vegne av havnasjonen Norge.
Verda ser til Vestland
I alle deler av arbeidslivet er det no stor mangel på arbeidskraft, både i offentleg og privat sektor. Samstundes står altfor mange heilt eller delvis utanfor arbeidslivet. Vestland vil leie an for å løyse også denne utfordringa, slik at fleire får høve til å bidra med sine ressursar.
Så vi veit verda ser til Vestland og vi skal ta det ansvar som blir oss pålagt, slik vestlendingen alltid har gjort!