Skip to main content
Home » Vekst i Vestland » Ordførerne svarer: Slik skaper vi bærekraftig vekst og utvikling i Vestland
Vekst i Vestland

Ordførerne svarer: Slik skaper vi bærekraftig vekst og utvikling i Vestland

Foto: Pexels

Vestland-regionen innehar et enormt potensial for å fremme bærekraftig vekst og utvikling, hvor nøkkelområder som havindustri, havvindkraft, akvakultur, maritim sektor, offshore og bioøkonomi er sentrale. Vi spurte tre ordførere hva som skal til for å skape bærekraftig utvikling i Vestland.

Jenny Følling (SP)

Ordførar Sunnfjord kommune

Kva moglegheiter finnes det for å skape berekraftig vekst og utvikling i Vestland?

Sunnfjord kommune jobbar for grøn omstilling, næringsutvikling og klimagassreduksjon i tett samarbeid med Vestland fylkeskommune og satsinga på Grøn region Vestland. Stikkord er samarbeid på tvers av næringar og mellom ei rekke ulike aktørar. Vestland sin industri er basert på våre naturressursar – matproduksjon, fossekraft, fornybar energi, mineral, reiseliv, fiske, oppdrett, olje og gas, – for å nemne nokre av dei viktigaste. Utfordringa vår er å sikre nok energi slik at vi kan utvikle ny verdiskaping og grøne arbeidsplassar.

Kva slags tiltak gjer din kommune for å skape vekst og utvikling?

Sunnfjord kommune har eit av dei største kraftpunkta i Vestland på Moskog. Det gir oss ein unik situasjon med tanke på kraftproduksjon og vidareformidling av energi. Vi etablerer samstundes ein større næringspark på Moskog med mål om at det skal «vere enkelt å velje grøne løysingar».

Sunnfjord kommune vil vere ein viktig aktør for å utløyse fleire grøne industri-etableringar og industrielle symbiosar – i samsvar med fylkeskommunen si satsing på Grøn Region Vestland. Derfor har kommunane Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Høyanger og Sunnfjord gått saman gjennom satsinga Invest in Fjordane om eit kartleggings- og analysearbeid for å avdekke og utfordre moglegheiter og barrierar, nettopp for å framstå som ein samla og attraktiv aktør for nye større og grøne industrietableringar.

Kommunen står elles i startgropa med tanke på mineralutvinning på Engebø, den første gruva i Norge på 40 år.

Kva moglegheiter finnes for nye tilflyttarar i din kommune?

Sunnfjord kommune ligg sentralt til I Vestland og er vertskap for eit attraktivt arbeidsliv. Kommunen har eit spennande skule- og utdanningstilbod frå grunnskule, vidaregåande opplæring opp til fagskule og høgskule. Helse Førde er største arbeidsplass med nærare 2 500 arbeidsplassar, noko meir enn kommunen som sysselset 2 200 menneske. Elles er kommunen vertskap for Lotteri- og stiftelsestilsyn, Norec (gamle Fredskorpset), fleire avdelingar hos Statsforvaltaren og fylkeskommunen, samt ei stor kultur- og medieklynge. I tillegg har Førde etter kvart tiltrekt seg ei rekkje konsulentverksemder, bankar, forsikringsselskap, advokatkontor, for å nemne nokre. Det er òg mange industrielle verksemder basert på underleverandørar til olje og gassindustrien. Bygge- og anleggssektoren er stor her. Skulen er elles kjent som ein skulestad med særs gode skuleresultat, og vi har gode barnehagar.

Sunnfjord kommune i Vestland fylke vart skipa 1. januar 2020, då kommunane Førde, Naustdal, Jølster og Gaular vart samanslegne. Kommunen, som omfattar området kring Førdefjorden og Holsendalen, grensar til Askvoll i vest, Gloppen i nord, Luster i aust, Høyanger i sør, Sogndal i sør-aust og Stryn i nord-aust.


Siv Høgtun (H)

Ordfører i Askøy kommune

Hvilke muligheter finnes det for å skape bærekraftig vekst og utvikling i Vestland?

Vestland-regionen innehar et enormt potensial for å fremme bærekraftig vekst og utvikling, hvor nøkkelområder som havindustri, havvindkraft, akvakultur, maritim sektor, offshore og bioøkonomi er sentrale. I Askøy kommune finnes det en rekke strategisk viktige næringsparker, slik som Hanøytangen, Storebotn Næringspark, Mjølkevikvarden og Horsøy industriområde, som legger til rette for utvikling av innovative løsninger.

Disse næringsområdene utgjør en arena for utvikling av grønne teknologier og lavkarbonløsninger, hvor samarbeidet mellom industri, akademiske institusjoner og lokale myndigheter vil stå sentralt og skape synergier, og styrke regionens bærekraftige vekst. Et eksempel er Hanøytangen og satsing på havvind som en fornybar energikilde. Det vil ikke bare bidra til økt energiproduksjon, men også skape arbeidsplasser og styrke Vestlandets posisjon som et grønt energiknutepunkt.

Hva slags tiltak gjør din kommune for å skape vekst og utvikling?

Askøy kommune samarbeider tett med næringslivet og Askøy næringsråd for å fremme bærekraftig vekst og utvikling. Storebotn Næringspark er et sentralt satsingsområde med mange etablerte virksomheter. Z-huset i Storebotn Næringspark er en gründerhub drevet av Askøy næringsråd, som støtter bedrifter i oppstartsfasen. Mjølkevikvarden er et annet viktig industriområde, med muligheter innen akvakultur, maritim/skipsfart og biobehandling.  Sammen med Øygarden kommune jobber Askøy også gjennom Grønn Hub Vest for bærekraftig vekst og industriell symbiose.

Hvilke muligheter finnes for nye tilflyttere i din kommune?

Askøy kommune jobber for å tiltrekke grønne bedrifter og skape nye arbeidsplasser. Med nærhet til Bergen, god livskvalitet, vakker natur, aktivt kulturliv, gode boforhold, skoler og barnehager, samt et variert fritidstilbud, gir Askøy et attraktivt sted for nyetableringer og tilflyttere.

Askøy er en øy og kommune i Midthordland i Vestland fylke. Øyen er omgitt av fjordene Herdlefjorden i øst/nordøst, i vest Hjeltefjorden og i sør Byfjorden.


Kåre Martin Kleppe (H)

Ordfører i Tysnes kommune

Kva moglegheiter finnes det for å skape berekraftig vekst og utvikling i Vestland?

Vestland er eksportfylke nummer 1, og har eit innovativt og driftig næringsliv som alltid ynskjer å utvikla seg. I Vestland har ein alle forutsetningar for å vere fremst på berekraftig havbruk, fiskeri, utvikling av grøn skipsfart og berekraftig energiproduksjon gjennom vasskraft og havvind. Vestlandet har også alle forutsetningar for å gå fremst i verda for å utvikla berekraftig turisme. For å få dette til, må næringslivet betre rammebetingelsar for å utvikle seg. Det betyr føreseieleg skattepolitikk, betre infrastruktur for kraftframføring, og ikkje minst meir effektive vegar og bruer.

Kva slags tiltak gjer din kommune for å skape vekst og utvikling?

Tysnes kommune er ein kommune som er positiv til å setje av areal til viktig infrastruktur som skal sikre vekst i Tysnes, og i Vestland. Dette gjelder areal til kraftlinjer, og ikkje minst til E39 Hordfast, det viktigaste samferdselsprosjektet for å sikre vidare vekst i Vestland, og på Vestlandet. Kommunen er setter av areal til vidare vekst i oppdrettsnæringa i sjøarealet vårt, og på land. Dette er areal som er fleksible med tanke på ulike størrelse og teknologi på anlegga, og til nye artar. Ved å satse på Geopark Sunnhordland og Sunnhordland som berekraftig reisemål, er Tysnes med på å utvikle berekraftig turisme i Vestland, og Tysnes er ein destinasjon å besøke for å oppleve mat, festival og gode naturopplevingar.

Kva moglegheiter finnes for nye tilflyttarar i din kommune?

I Tysnes kommune har nye tilflyttarar moglegheit til å bli ein del av eit spennande og inkluderande lokalsamfunn. I Tysnes er det eit variert arbeidsmarked, innafor både privat og offentleg sektor, og i tillegg bur ein i pendlaravstand til Bergen i nord og Stord i sør. Tysnes har gode møteplassar, med eit variert tilbod innafor restaurantar og turistdestinasjonar, og ikkje minst Tysnesfest. Med nærleik til offentlege tenester, handel og servicetilbod, og tilgjengeleg natur rett utanfor døra, er Tysnes perfekt for personar som vil bu litt utanfor byen, men samtidig ha ein del kvalitetar som både unge og eldre kan setje pris på.

Tysnes kommune er ei øygruppe sør for Bergen. Kommunen har eit samla areal på 255 km2. Innbyggjartalet er om lag 2900. Kommunen er landfast over Lukksund bru.

Next article