Skip to main content
Home » Vekst i Vestland » Skal Noreg lukkast, må Vestland lukkast
Vekst i Vestland

Skal Noreg lukkast, må Vestland lukkast

Grøn omstilling er avgjerande for vidare vekst i Vestland. Her ligg el-ferja «Ampere», som går mellom Oppedal og Lavik i Sognefjorden, ved ferjeleiet. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Vestlandet utgjer den vare-eksporterande delen av Noreg. Me skapar verdiar, sysselsetjing og vekst for landet. Det er ein posisjon som forpliktar oss til å vera frampå.

Dei to regjeringsinitiativa Hele Norge eksporterer og Grønt industriløft passar oss veldig godt, ettersom me alt er eit lokomotiv for grøn omstilling og næringsutvikling. Rett og slett fordi me har teke ein del grep her i vest, der me har skapt ny teknologi og nye produkt, med eit næringsliv som ser moglegheitene i det grøne skiftet.

Jon Askeland (Sp)

Fylkesordførar i Vestland fylke

Fire mål

Då det nye fylket var ein realitet, sette me oss fire mål. Det viktigaste var at fylkeskommunen skulle ta ei større rolle som samfunnsutviklar, ved å skapa nye verdiar gjennom sysselsetjing, økonomiske verdiar og vekst i heile fylket. Dette har lege til grunn for etableringa av Grøn region Vestland, som var vårt initiativ, og som har utvikla seg til eit breitt partnarskap, der fylkeskommunen legg til rette.

Jobben må gjerast i bedriftene, men me byggjer laget og hjelper, gjennom bestillingane våre til næringslivet, som då me kjøpte ferjene, slik tilfellet no òg er med hurtigbåtar. Det viktigaste fylkeskommunen kan gjera, er å vera ein offensiv medspelar, som gjer at næringslivet kjenner seg sett og oppmuntra til å stå på i kvardagen.

Når måla gjennom handling

Den proaktive linja har ikkje gått upåakta forbi. Haakon Haugli, som er administrerande direktør i Innovasjon Norge, deltok nyleg på opninga av Vestlandsmøtet, der han gav tydeleg uttrykk for at Grøn region Vestland viser korleis me i fellesskap kan lukkast, ikkje med ei passiv stabling av visjonar, men at me når måla gjennom handling.

Det er viktig å bruka verkemiddel-apparatet, som Innovasjon Norge, og me har som einaste fylkeskommune eit årleg toppmøte med Haugli, der han ved sjølvsyn får sjå kva me utrettar. Her har me òg god dialog med Eksportfinans, Enova og andre instansar i verkemiddel-apparatet, som kjem næringslivet i fylket til gode.

Store eksportmoglegheiter

Det er mange som ser det grøne skiftet meir som ei utfordring enn ei moglegheit, men det er på tide at me tek konsekvensen av at klimaproblema er menneskeskapte, og at det er menneska som må løysa dei. Og me har dårleg tid. Det byr på høve til å skapa og oppskalera nye produkt. Dei miljøvenlege ferjene har gitt vekst for verft, batteribransjen og utbygging av ladestruktur. Lukkast me med satsinga på hurtigbåtar, inneber det òg store eksportmoglegheiter verda over.

Det kan smerta å gå frå éin kjend teknologi til ein annan, men den som går føre bestemmer òg retninga. Me ser eit stort potensial for grøne industriprosjekt i heile fylket, som vil redusera negative utviklingstrekk i distrikta. Skal Noreg lukkast, må Vestland lukkast, og me er på god veg.

Av Jarle Petterson

Next article