Øygarden har lange tradisjonar og kultur for å byggja opp industri og er eit kjerneområde for satsingar i det grøne skiftet.
– Vi har alle føresetnader for å verta eit nasjonal og internasjonalt senter for å realisera denne nødvendige omstillinga, seier ordførar Tom Georg Indrevik (H).
Tom Georg Indrevik (H)
Ordførar, Øygarden kommune
Det vert investert fleire titals milliardar i olje- og gasskommunen Øygarden. Den 1. juni 2027 skal eit nytt sotrasamband til 23 milliardar kroner stå klar til bruk. I Energiparken vert det grøne skiftet med mottak og lagring av CO2 og hydrogenproduksjon realisert. Om nokre år skal ei ny felles godshamn for bergensregionen takast i bruk på Ågotnes.
– Alt dette skjer i Øygarden. Delegasjonar frå inn og utland kjem til oss for å få kunnskap om gjennomføringa av det grøne skiftet. Vi heiar på aktørane som satsar tungt på dette. Det er tradisjon og kultur for å satsa på industri i kommunen, seier ordføraren.
Sterk vekst i Øygarden
I dei siste tiåra har det vore sterk vekst i næringslivet i Øygarden. Olje- og gassindustrien har lenge vore viktig for utviklinga, og industriområda på Ågotnes, Stura og Kollsnes er viktige fyrtårn i vekstkommunen i vest. Fiskeri og havbruk er også store næringar i kommunen og bidreg til berekraftig forvaltning av naturressursane.
Øygarden er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 400 innbyggjarar. Det er rundt 12 500 arbeidsplassar i Øygarden. Dei fleste arbeider innan olje- og gass og annan industri. Andre viktige næringar er handel, service, fiskeri og havbruk. Arbeidsplassane i Øygarden finn vi både blant dei mange små og mellomstore bedriftene og dei store industriaktørane. I kommunen er det fleire store industriområde med mange arbeidsplassar og sterke fagmiljø.
Arbeidet med det nye sotrasambandet er i full gang. Dette står klar til bruk om fire år og vil verta eit stort løft for infrastrukturen og vidare vekst. Vi arbeider for å skapa mange nye arbeidsplassar og utvikla gode tilbod for dei som bur her. Det skal vera attraktivt å arbeida og bu i Øygarden, seier ordførar Tom Georg Indrevik.
I 2022 vedtok kommunestyret samfunnsdelen til kommuneplanen. Planen byggjer på bærekraftmåla til FN. Utfordringane framover må løysast med samarbeid.
– I planen understrekar vi at samarbeidet må skje på tvers av fagområde og bransjar og stimulera til nye teknologiske og klimakloke løysingar. Ambisjonen er at Øygarden skal vera eit utstillingsvindauga i det grøne skiftet. Vi har sterke aktørar lokalt, nasjonalt og internasjonalt som vil bidra til å nå dette målet, seier ordføraren.
Om Øygarden næringsutvikling KF
Øygarden er ein av dei mest spennande regionane for grøn vekst, med Northern Lights (CO2-lagring) og den første heilelektriske hamna i Europa.
Samarbeider med næringslivet
Hanne Misje Lokøy er dagleg leiar i Øygarden næringsutvikling KF. Dette kommunale selskapet skal stimulera og leggja til rette for både privat og offentleg næring i Øygarden kommune.
Selskapet skal bidra til at det vert etablert nye arbeidsplassar i regionen og samstundes sikra gode vilkår for det eksisterande næringslivet.
– Mange næringsaktørar ønskjer å etablera seg i kommunen vår. Interessa har auka på etter at arbeidet med Sotrasambandet er i full gang. Vi samarbeider med lokalt næringsliv og regionale og nasjonale forskingsmiljø for å utvikla berekraftige arbeidsplassar. Dei siste åra har vi jobba tett med ulike næringslivsorganisasjonar og klynger for å stimulera til denne veksten og nå dei måla vi har sett oss, seier Misje Lokøy.
Hanne Misje Lokøy
Dagleg leiar i Øygarden næringsutvikling KF
Øygarden kommune skal vera ein strategisk tilretteleggjar for at næringar kopla til olje- og gassindustrien rettar seg mot nye og innovative moglegheiter i det grøne skiftet. Kommunen skal leggja til rette for å etablera fleire grøne aktørar innan energi, blått hav og sirkulærøkonomi i eksisterande og nye næringsområde.
Dette klarer vi å få gjennomført i eit tett og godt samarbeid med både store og små næringsaktørar, seier den daglege leiaren av Øygarden næringsutvikling.
Viktige drivarar i Øygarden
Energiparken
I Energiparken etablerer Northern Lights eit nasjonalt mottaks- og deponeringsanlegg for CO2. Dette er ein del av det nasjonale Langskip-prosjektet. Eit pilotanlegg for produksjon av hydrogen med integrert karbonfangst skal opnast på seinsommaren. Industriområdet vert utvida for mellom anna gje rom for storskala hydrogenproduksjon i framtida. H2 Productions har signert ein kontrakt med ZEG om kjøp av hydrogenanlegg.
Sotrasambandet
Dette OPS-prosjektet gjev 9,4 kilometer firefelts veg og 14 kilometer fortau og sykkelvegar. Anlegget kostar 23 milliardar kroner og står klar til bruk 1. juni 2027. Sotra Link skal drifta og vedlikehalda prosjektet i 25 år. OPS: Offentleg og privat samarbeid.
Ny godshamn på Ågotnes
Den nye godshamna for bergensregionen skal byggjast i tilknyting til forsyningsbasen CCB i Ågotnes Næringspark. Den nye hamna skal bli ei topp moderne og framtidsretta hamn og knutepunkt for godstrafikk i heile regionen. Den nye godshamna på Ågotnes skal etter planen vera klar til bruk når riksveg 555 Sotrasambandet opnar i 2027.
Skrevet av: Vigleik Brekke – Kommunikasjonsleder i Øygarden kommune